Produkt

Produkt

I moderne lokale på Stadlandet held den tradisjonsrike familiebedrifta Per Stave AS til. Vi har sidan 1974 produsert lutefisk og tørrfisk for sal i butikkar, og har også eige fiskemottak.

Lutefisk

Godt råstoff vert levert av den lokale kyst- og banklineflåten. Dette vert deretter gjort til tørrfisk. Tørrfisk vert igjen vidareforedla til lutefisk. 70 % av tørrfisken sender vi til Sverige som råstoff til svenskprodusert lutefisk; 30 % av tørrfisken brukar vi som råstoff til eigen lutefisk. Den største norske enkeltkunden til bedrifta er NorgesGruppen, som sel lutefisk med eigne etikettar.

Vi har også restaurant- og hotellkundar, der vi prøver å profilere Per Stave som merkenamn for god lutefisk. I ein blindtest i ei marknadsundersøking vi gjorde, viste det seg at dei fleste likte lutefisk av lange best. Vi har eit særs godt produkt, og vil satse aktivt for å utnytte det store potensialet vi meiner hotell og restaurantar representerer.

Hundesnacks

Per Stave AS produserer hundesnacks av tørka fisk. Produktet vert sendt over heile landet, og er et sunt snacksalternativ for hunden.