Oppskrifter

Oppskrifter

Vi er spesialistar innan lutefisk og tørrfisk, og fokuserer på å gjere våre produkt tilgjengelege i heile Noreg. Prøv ei av oppskriftene våre!

Staves Bacalao

Vatn ut klippfisken i 24 timar. Skift vatn flere ganger.

Legg fisken i nytt kaldt vatn.

Kok opp og la den koke i 10 min. Ta vare på vatnet. Rens fisken for bein, og la stykkene være så heile som mogeleg. Skjær lauken i strimlar og la den surre i blank olje. Tilsett tomatpuré. Skjær potetene i skiver. Ha ei skei smør i botnen av ei stor, djup og tjukkbunna kjele. Legg ingrediensane lagvis. Først et jamt lag fisk i botnen. Legg så vidare oppskorne eller heile tomater, spansk pepparlaukblanding, poteter og oliven. Tilsett eventuelt litt av kokevatnet frå fisken. Mengde fiskekraft og spansk peppar etter kor sterk smak ein vil ha. Legg lokk på kjelen og la bacalaoen trekke i ca. 1,5 time eller til potetene er møre. Server med loff og flatbrød.

Velbekomme!

Ingredienser

  • 2 kg klippfisk, 1,5 kg lauk
  • 5 dl olivenolje
  • 300-350 g tomatpure
  • 1 ss smør
  • 2 kg hermetiske tomatar
  • 3-4 spanske peppar fingerstørrelse (eller Black Boy malt spansk peppar. Strø forsiktig, sterke saker)
  • 1,5-2 kg poteter
  • ca. 250 g svarte oliven som kokes med siste halvtime

Lutefisk á la Stave

Forbered taffelet i god tid.

Lutefisk seljast som vakuumpakka filetar. Legg lutefiskfiletane i ei langpanne. Strø over rikeleg med salt. Nytt gjerne også det nye lutefiskkrydderet frå Black Boy. Lutefisk bør stå to til tre timar i langpanne i romtemperatur. Når tida nærmar seg, forberedast det andre tilbehøret. Sett på poteter, grøn ertestuing og bacon. Bruk gjerne også ein tjukk kvit saus med muskat og en god del sterk grov sennep. Når gjestane er på veg inn døra, settast lutefisken inn i omnen. Sil av ein del vatn som saltet har trekt ut. Jo lengre lutefisk ligg i salt, jo fastare vert den. Sett den inn i omnen på 200 grader og still klokka på 20 minutt. Som regel går det lenger tid, men sjå etter fisken då. Gjestane får kaffi og Cognac medan dei ventar på måltidet. Gjestene skal alltid vente på måltidet, og ikkje omvendt! Til slutt er det bare å nyte fisken.

Håpar det smakar!