Om Per Stave AS
Per Stave AS vart etablert i 1974, og er ei ekte familiebedrift. Vi er spesialistar innan lutefisk og tørrfisk, og fokuserer på å gjere våre produkt tilgjengelege i heile Noreg.
Fiskemottak
Per Stave AS er ikkje berre lutefiskprodusent. Bedrifta med 10 tilsette er også blant dei største fiskemottaka i Selje Kommune.
Det som ikkje går til lutefiskproduksjon vert vaska, pakka og sendt til ulike kundar. Mellom anna sel og leverer vi fersk fisk frå den lokale kystflåten til Fiskehallen og diverse firma i Oslo.